Tuesday, July 15, 2014


Scandinavian Jewish Forum

















LEIF WOLFBERG




I ei lov av 7. april 1933 hadde rikskanslar Adolf Hitler fastsett at folk med jødisk bestemor eller bestefar skulle misse offentlig embete og stengast ute frå visse andre yrke. To år seinare kom ei skarpare lov som sette forbod mot giftarmål og samliv mellom folk av jødisk og germansk ætt. 

Dei miste statsborgarretten og vart stengte ute frå høgskolar og universitetet. Seinare kom nye lover, som til slutt gav jødene mindre rettsvern enn ein hund. Nazistane hadde lett spel. Antisemittismen sat djupt, men var ikkje alle stader aktiv og slett ikkje i Norge. Likevel, aksjoner mot dei norske jødane hausten 1942 opprørte ikkje nordmennene så sterkt som fleire andre aksjonar, enda jødeaksjonen var den langt blodigaste. 

Av ca. 760 norske jødar som vart deporterte, overlevde 25. Alle nazistiske aksjonar i Norge bleiknar samanlikna med denne. Her førte fienden, utan noen militære grunnar, systematisk krig mot spedbarn, mødrer, fedrar, oldingar, friske og sjuke av ei bestemt ætt og drap dei fangenskap, eit fangenskap som kunne vere verre enn døden. 

Dei fekk avgjerande hjelp av NS- politi over heile landet til å fange desse nordmennene. Ofte fekk okkupanten også hjelp av andre politifolk, som ikkje forsto kva dei var med på og som heller ikkje kunne nekte å utføre ordre. Norsk politi sto under okkupantens kommando. Men mange politimenn var samtidig aktivt med i arbeite for å varsle dei som dei skulle hente.

Leif Wolfberg var fødd i Litauen i 1914, same året den første verdskrigen braut ut. Faren hadde tidligare levd i Norge. Der hadde han gifta seg og fått to søner og ei dotter, alle fødde i Oslo. 

Under den russiske revolusjonen vart dei tvangsflytta langt innover i det austlige Russland. Det var i den perioden Fritjof Nansen virka der borte med sin store hjelpeaksjon. Leif (i Litauen Leiba) hugsa ikkje mye av nøda, anna enn at ho var stor. 10-11 år gammal sendte familien han til Norge, og han kom til å bu hos morsøster si i Trondheim. 

Der hadde han si lykkelige tid. Han fekk mat, hus, og klær, venner og lærdom. Leif Wolfberg hadde musikk i blodet, og han vart tilsett som fiolinist ved Trondheim symfoniorkester. Seinare vart han fiolinist ved Nationaltheateret, og han tok seg deretter freelance-jobbar på kafear og restauranter. 

Så kom invasjonen. Han sto på Karl Johan og såg soldatane marsjere inn frå Fornebu. Familien levde ennå i Litauen, som litt om senn vart okkupert av russarane. Men han var ikkje redd for framtida, han var uvørden, hadde god helse og levde bra.

Det vart snart vanskelig å vere jøde, om ein spilte aldri så godt. Når kan kom på podiet og tok fiolinen, merka han olme blikk frå dei uniformerte. Han tok til å kjenne seg utrygg, men det var ingen grunn til å klage. Han hadde då berre seg sjølv å tenke på. Det var ikkje i hans tankar å rømme til Sverige.











Antisemittismen braut innover tidlig i 1941, fylte avisene, plakat tavlene, husvegger og telefonstolpar, strømte ut over eteren og skapte ein hissig larm, som folk etter kvart vente seg til. Avisbilde av karikerte jødar, pynta med davidsstjerna, vart vanlig kost. 

Snudde ein hovudet mot telefonstolpane, hang same bildet der, skrudde ein på radioen, kom det inn gjennom øyra, ein hørte om korleis jødane utbytte ærlige ariske menneske. Denne flaumen kunne ingen verje seg mot. Kampanjen var sentraldirigert, men hadde mange tusen aktive lokale hjelparar. Raseriet som var bygd opp gjennom lang tid, gjekk over til galskap. 

Leif Wolfberg vakna og trudde han såg kva veg det var. Ein dag kom han i snakk med ein tømmerhoggar frå Orje, som lova å vise han vegen til grensa. I april 1942 drog han til Orje for å orientere seg, reiste så til Oslo og pakka sakene sine. Han kom tilbake til Orje til avtalt tid. Tømmerhoggaren førte han gjennom sentrum og vidare austover, deretter nordover mot grensa. Alt var stilt og fredelig. Bygdene hadde ennå litt av vinterdvalen over seg, men snøen var snart borte. 

Ein buhund dilta lenge etter han, til han hadde passert grensa. Då luffa den trygt tilbake til Norge. Det var verken ein lang eller strevsam tur. Han leitte opp ei svensk vakthytte, banka på og meldte seg. Der tok dei straks hand om han og førte han til landsfiskalen Ake Hiertner, som sette han i fengsel. Eit døgn seinare kom han igjen og sa som så: Eg har ringt Stockholm, og det er ingen som kjenner Dykk. De må gå tilbake. Om ni inte går frivilligt, før jag er till tysk vaktpost. 

Landsfiskalen var ikkje uvennlig, men obøyelig, og førte han tilbake til vakthytta. Ein av soldatane der syntes synd på han. Han meinte Wolfberg burde gjere eit eller anna ulovlig, slik at han vart arrestert og vart verande i Sverige. Han kunne for eksempel prøve å angripe han - det var ein kraftig kar på nesten to meter. Der låg ein smørkniv på bordet. Så naturstridig det var for Wolfberg, tok han kniven og fikta mot soldaten. Men han vart ikkje tatt alvorlig, og vart ikkje arrestert. Han måtte gå tilbake over grensegata, inn att i Norge.

Fjorten dagar etter vart han arrestert i Oslo. Det gjekk for seg slik: Ein kveld Wolfberg gjekk ned Grensen kom han til å dytte borti ein tyskar. Desse folka brukte heile fortauet! Tyskaren vart irritert og begynte å skrike. Han greip Wolfberg i frakkekragen og ropte etter politi. Wolfberg lirka seg ut or frakken og sprang nedover mot Karl Johan, men rente midt i nevane på ein flokk austerikske alpejegerar. Like bak kom tyskaren skrikande: Ich schiesse, ich schiesse!

Dermed var det gjort. Under forhøret på Victoria Terrasse påstod dei først at han hadde fornerma tyskaren seinerare at han hadde fornærma ei tysk kvinne. Han hadde løkka rundt halsen frå første dag han var arrestert. Dei behandla han ikkje vakkert, men sa sjølve at det var småtteri mot det som var i vente. De vil snart få merke det! Dette var eit ståande uttrykk blant gestapomenn som hadde med jødar å gjere. 

Først sendte dei han nordover til Kvænangen, saman med ein del andre fangar. Noen kom på båten frå Trondheim. Oppgåva her var å bygge snøskjermar og snøtunnellar. Seinare vart dei av fangane som var av jødisk ætt, sette i karantene på Grini og eit halvt års tid etter arrestasjonene marsjerte han saman med om lag 40 andre norske om bord i skipet "Monte Rosa" som førte lasten til tysk hamn.

"Ja det var deilig å komme hjem igjen etter det oppholdet i Tyskland. Jeg trodde aldri jeg skulle greie det. En gang løp jeg ifra skudd etter meg. Den tiden var jo et mareritt, fra morgen til kveld. Jeg kom til Auschwitz. Jeg har kanskje tatt preg av den tiden, rent menneskelig. Jeg har ikke fått tilbake endel av min stolthet. Jeg virker så redd og puslete. Unnskyld at jeg sier det.

Hvordan man kommer ifra, i det hele tatt? Hvordan man opplever en dag i den leiren? Vi vet det jo, at vi har jo norske fanger som har sittet i Sachenshausen, de kan fortelle hvordan det er å være syk i en kz-leir med lite føde og nesten ikke noe klær og sykdommer som ikke forekommer i sivil tilstand. Men jeg var veldig glad i livet, og det er jeg fremdeles, med all den sorg det kan bringe.

Det er så mange som har fortalt om dette før. Min største lidelse og en annen fanges lidelse, de er fra våre synspunkt like store. Men hva som er verst, det vet vi jo ikke.

Jeg hang i en tynn tråd flere ganger. Jeg ble sendt fra Auschwitz og det var noe av det verste som kunne hende en fange, fra hovedleiren til småleirene. I alt var jeg i 12 konsentrasjonsleirer og fire fengsler. En gang til Gollenschau - kom tilbake syk. Kunne ikke spise min matrasjon. Så ble jeg satt i karantene på mystisk vis, fordi jeg kom i en liten transport. Hadde den vært større, ville den nok gått i gasskammeret. 

Jeg var i en skogleir, hvor jeg mener jeg gjorde tjeneste for I.G Farbenindustrie. Trevirke var deres råmateriale. Det var en liten leir, hvor de skjøt fanger hver dag, fire-fem stykker. Det var der jeg ble mishandlet så jeg ikke kunne stå, i leiren Kobier, en sideleir for Auschwitz.

Jeg ble sendt på transport på en lastebil sammen med en del fanger tilbake til Auschwitz og kom på Krankenhaus. Det er en blokk, ikke sant. Det så fint ut, men der lå mennesker på sitt siste i hvert fall de jødiske fangene. Og her, til mitt store hell, treffer jeg en venn, en norsk lege fra Trondhem. Han vet ikke at han reddet livet mitt den gangen. 

Er det ikke Leibka? sier han
Jo visst er det meg!

Og jeg var musselmann og han hjalp meg med å skaffe poteter for han var jo Stubendienst der. Han brakte meg et par tabletter og varme poteter - du vet hvordan det er i en sånn situasjon, når to kjente treffer hverandre. Så en dag sier han: I morgen må du ut herfra.

Ja, hvordan det?
Jo det skulle være seleksjon. Med dette husker ikke legen nå. Det er jeg som husker det.

Dagen etter sørget jeg for å stille på arbeidskommando og den dagen tømte de Krankenbau for jødiske fanger.




Gjengitt med tillatelse 

fra "Svensketrafikken"
av Ragnar Ulstein